mandag 30. april 2012

Filmfestival GALLA

Laurdag var det duka for eit storslege show til å runda av årets filmfestival, og FOR ein suksess!  All ære til arrangørane, komiteen og alle dei frivillige... Dette vart ein minnerik kveld for mange, og ei flott avslutning på ei utruleg innhaldsrik festival-veke!  Fantastisk å vera med på gallaen, - vi står veldig gjerne på scenen neste år og:)
 

søndag 22. april 2012

Musikk på timeplanen

No for tida er kvar einaste dag fyld med musikk. Herleg!  Tra dagar i veka jobbar eg i musikkskulen,  MusikkGlede på Søre Neset skule kvar tysdag, strykeinstrument for både meg og son min i tillegg til fleire oppdrag.  Fredag var eg med Kyriakè og song for fulle benkerader i Johanneskyrkja.  Flott å vera med på eit så stort arrangement!

No gler eg meg til laurdag og galla på filmfestivalen!  Kjekt å få presentera musikken min til eit større publikum, og dela scene med m.a. William Hut, Shaun Bartlett, King Calling og ORBO.  Sjekk ut  http://60n.no/program/ for å velga kva for filmar du vil sjå denne veka.  Dette bør du ikkje gå glipp av!