lørdag 26. april 2014

Bryllaup og konsert

Gratulerer til det spreke brudeparet i Olsvik kyrkje! Kule sko, - eg håpar eg får sjå brudebilete :)
Luksus for meg med konsertflygel som Leif Ove Andsnes har spelt på, sjølvom det åpenbart er ein viss klasseforskjell på oss! 
No gler eg meg til konsert i kveld!  Magi av Sigvart Dagsland, Torjus Vierli og Garness-systrene.  Det blir flott!  Du har ingen planar, seier du?  Ta turen til Oseana, då vel!!!  Sjåast kl 20!

lørdag 5. april 2014

Namnefest i Oseana


Det har vore utruleg kjekt å få vera med på humanistisk namnefest år etter år, og eg er takksam for at dei har spurt meg så mange gonger!  Knut Vidar og konsertflygelet står for stødig tonefølgje til alle innslaga.  Låter fint!  Også denne gongen traff eg att familier frå tidlegare som no hadde namnefest for småsøsken. Veldig kjekt å få så positive tilbakemeldingar på det eg driv med. Eg er heldig!

søndag 30. mars 2014

Konsert på Tønnegarden

For ein plass!  I dag har vi spelt konsert i produksjonslokala på Tønnegarden på Samnøy, Fusa. Tusen takk til de som tok turen!  Håpar det smakte med konsert, kaffi og kaker!


Heldige meg som får spela med desse dyktige musikarane!  Takk igjen til Hallvard, Knut Vidar, Arne og Ken!  Vi har hatt ein flott dag med nydeleg middag, kjekk speling, god prat og herleg kaffimat. 

Kari og gjengen på Tønnegarden har verkeleg teke godt imot oss! Tønnetromma til Ken fungerte fint, og produksjonslokalet egna seg godt som konsertlokale :) 

Her kan du lesa kva nrk skreiv om Tønnegarden etter åpninga i 2012.  Mine varmaste anbefalinger :)  Takk for i dag!