onsdag 19. desember 2012

...snart jul...

I fjor framførte eg julesongen eg har laga ("berre eit barn") for første gong, då eg spelte i Foldnes kyrkje ilag med Aasmund Brekke.  I år var songen med på settlista under release-konsert for EP "passing me by" 18.11.   Her kjem eit tekstutdrag, med ønskje om ei riktig GOD JUL til dykk alle!!!


Ei eiga stjerne er tend for deg
berre i natt vil ho visa seg
leia hyrdingar og vise menn på veg
Hos syner leia der ein må gå
og alle dei som veit, kan sjå 
at du er her, kongen dei har venta på

Mange legg ut på vandring no
reisa til deg, vil finna ro 
hos underet som ingen heilt forsto
inn i stallen, har gåver med
myrra og gull og røykjelse
men største gåva gjev du med din fred

             Berre eit barn, men alikavel så stor
             og eg veit du vil setja djupe spor
             du vil alltid gjerva så mykje meier enn du har
             men reiser nok fleire spørsål enn du gjev svar

(Annveig Myklebust Fjellstad 2011)







mandag 10. desember 2012

JuleJam

Fin-fin tradisjon!!!  Botnevik inviterer til herleg mat og godt selskap, og nokre av oss står for musikalske innslag. I fjor kom eg heim ein trompetist rikare og med to nye spelejobbar i bagasjen ;) 
Denne laurdagen var det eindel som trakk seg i siste liten grunna vèr og føre, men vi var ein fin gjeng likevel. Ein herleg musikalsk kveld!  No er det berre å gle seg til påskejammen :)   GOD FØRJULSTID!

søndag 2. desember 2012

Julestemning

foto: Kjetil Bruarøy, Midtsiden















Tusen takk til alle som kom på novemberkonserten!  
Det blei verkeleg god stemning, endåtil litt julestemning...

Det er alltid kjekt å få spela med denne gjengen!  Øvingane ber preg av varme, gode kommentarar og latter som sit laust:)  Alle dei dyktige musikarane mine stiller opp gong på gong, og eg er umåteleg takksam...  Eg håpar eg får sjansen til å gje dei løn som fortent ein vakker dag!


Julegåvetips?  EP "Passing me by" kan kjøpast hos Playcom Os eller annveigmusic@gmail.com