mandag 30. desember 2013

Støttekonsert

Ein fin-fin siste søndag i 2013!  Tenk å få vera ein del av det flotte og varierte kulturlivet med så mange skjønne og flinke folk!  Vakker og stemningsfull musikk, gode og viktige ord frå Thor Brekkeflat, fantastisk avslutning frå Gina "Could you please help me turn the wine back into water"

 
Støttekonsert til inntekt for Vindfanget/rusforebyggande arbeid og Fonos sin ekstrakonsert som gav 70 000,- til Filippinene, står som viktige musikalske høgdepunkt i 2013.  Det kjennest utruleg godt å få gje eit tilskot til viktige saker berre gjennom å driva med det eg elskar: MUSIKK

søndag 15. desember 2013

FONOS

850 tilhøyrarar på Fonos-konsertane... Fantastisk kor folk stiller opp! Det kjennest utruleg godt å kunna senda over 70 000,- til hjelpearbeidet i Filippinene. Hjarteleg TAKK til alle som kom på ekstrakonserten onsdag!

Håpar og trur her var noko for einkvar smak og at mange fann fram til julestemning desse dagane. Sjølv er eg takksam og audmjuk for at eg er ein del av denne flotte og dyktige gjengen med Stine Kobbeltvedt i spissen. Heldige meg!