søndag 22. april 2012

Musikk på timeplanen

No for tida er kvar einaste dag fyld med musikk. Herleg!  Tra dagar i veka jobbar eg i musikkskulen,  MusikkGlede på Søre Neset skule kvar tysdag, strykeinstrument for både meg og son min i tillegg til fleire oppdrag.  Fredag var eg med Kyriakè og song for fulle benkerader i Johanneskyrkja.  Flott å vera med på eit så stort arrangement!

No gler eg meg til laurdag og galla på filmfestivalen!  Kjekt å få presentera musikken min til eit større publikum, og dela scene med m.a. William Hut, Shaun Bartlett, King Calling og ORBO.  Sjekk ut  http://60n.no/program/ for å velga kva for filmar du vil sjå denne veka.  Dette bør du ikkje gå glipp av!   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar