fredag 18. januar 2013

Vi er igang!

Vel heime etter herleg inspirerande øving med den flotte gjengen min!!!  Tida flyg i godt selskap...  To nye låtar er lufta i bandet og klare til å ferdigstillast.  Gler meg til å få fleire nye låtar inn på repertoaret :)


Sjekk ut min nye kamerat, ein nydeleg Kala tenor-ukulele!  Lekker julegåve frå snillaste storebror og forloveden.  Dette instrumentet må det nok bli ein glad-låt av:) 

onsdag 2. januar 2013

Nokre glimt frå 2012

Tusen takk til alle som følgde meg i 2012!!!  Eit lite tilbakeblikk på året:

 
I mars hadde eg konsert i Oseana, med utelukkande eige låtmateriale.  Utsikt mot Bjørnefjorden i skumringstimen sette god stemning.  Storsalen i Oseana stod for tur i april, då vi spelte på prisutdelingsgalla under filmfestivalen.  Det same gjorde m.a. William Hut, ORBO og Shaun Bartlett, og det blei ein minnerik kveld i godt selskap:)

I juni spelte nokre av oss på åpning av osøren blues og jazzfestival, og fekk med oss fleire av dei andre flotte konsertane under festivalen. Washamba var absolutt høgdepunkt, der trompetist Hallvard og bassist Arne frå bandet, ilag med resten av den høglytte gjengen i Washamba, nok ein gong tok publikum med storm!

Gjennom sommaren var det ei rekkje bryllaup og andre kjekke arrangement, og i løpet av ei veke i august la eg vokal på dei fleste songane til Henrik Lyssand-noteheftet MusikkHuset gav ut i haust.  All ære til Knut Vidar Garlid og Bergljot Lyssand Bjørø som ferdigstilte noteboka på eit blunk!  Vi skulle eigentleg ha mini-konsert i Oseana under jubileet i september, men då var vi opptekne med studioinnspeling hos tomtom på USF Verftet.  Det restulterte i EP-slepp 18. november kombinert med (førjuls-)konsert i Os kyrkje.  
Undervegs har eg hatt ymse songoppdrag her og der, i tillegg tilå vera musikalsk leiar på Luraneslåtten og hatt privatelevar i song, piano og gitar.  Eg starta opp MusikkGlede ilag med Stine Kobbeltvedt, og det blei ein flott og fullsett forestilling i storsalen Oseana november. Spennande med 100 barn på scenen med "ei vandring gjennom Egners univers", og det gjorde inntrykk på dei små å få ståande applaus frå 490 tilhøyrarar!  Musikken kostar eindel i form av mange kveldar på farten og mindre tid med familien, så det var ekstra kjekt å jobba fram eit prosjekt der Daniel kunne vera med, og vi fekk dela ei stor oppleving:)

Eg er takksam for eit herleg travelt og musikalsk år som no ligg bak meg.  
Eg gler meg til vegen vidare! Følgjer du meg i 2013?   GODT NYTTÅR!!!!