torsdag 28. juli 2011

STERKE SAMAN 22.07.2011

Utdrag av ein song eg skreiv for nokre dagar sidan.



STERKE SAMAN

1.  Marerittet står enno sterkt i minnet når eg vaknar
    Eg kjenner i heile meg at det er noko eg saknar
    Eg snur meg mot verda og ser
    at mange står rundt meg, eg er ikkje åleine.

2. Uendeleg smerte hos sørgjande mor eller far
    Vi har alle mista landet vårt slik det var
    Du venta deg hat, men kjærleik er vårt svar
    Du er åleine, mens vi står sterke saman

              Kalde nordmenn gjev varme klemmer
              og støtter folk dei ikkje kjenner
              vi veit vi kan grina ilag
              Håp og draumar skal ingen få såre
              Vi skal verna om alle våre
              Vi er alle like i dag
              og vi står sterke saman

3.  Berre ruinar av det stolte bygget vårt står att
     mange av oss er såra og fleire er forlatt
     tenk alle som har mista sin kjæraste skatt
     men ingen av oss er åleine, vi står sterke saman

4.  Sjølv eit åtak som dette skal ikkje få knusa vårt land
    høyr stillheita ljome frå høgaste fjell til strand
    kjenn at samhaldet vårt skal vinna fram
    vi vil stå sterke saman

- Annveig Myklebust Fjellstad -

tirsdag 26. juli 2011

22.07.2011

Livleg ungdom ein kjøleg julidag
samlast til hyggje og lærdom på leir
sjokk og vantru då skudd slag i slag
fylte lufta på øya.

Ho reddda livet ved å spela død
var såra, men låg heilt urørleg.
Ho såg kameratane rundt seg blø
og redsla var lammande.

Han sumde den lange vegen til land
med ein såra kamerat på ryggen
haglande kuler og iskaldt vann
han sleppte ikkje taket.

Det forferdeleg grusomme valet
for båtane som henta opp ungdom
mørkaste dag sidan førtitalet
i Noregs historie.

Lammande nyheter som vi fekk sjå
eit mareritt som kom inn i kvar heim
No må vi finna ein ny veg å gå
og saman er vi sterke.

Tankar og meiningar kan ytrast fritt
men alltid med respekt for kvarandre
Det frie landet som er ditt og mitt
skal reisa seg stoltare.

- Annveig Myklebust Fjellstad -
kan brukes med kildehenvisning

søndag 24. juli 2011

Ta vare på kvarandre i ei vanskeleg tid...

Gje meg handa di, ven, når det kveldar,  
det blir mørkt og me treng ei hand.
Lat dei ljose og venlege tankar 
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg 
tenna stjerner i myrkaste natt!
Gje meg handa di ven, når det kveldar, 
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøyster 
er som sol over frossen jord.
Kjenna varmen frå ein som er nær deg 
gjev langt meire enn store ord.
Lat varmen frå ein som er glad i deg 
tenna stjerner i myrkaste natt!
Gje meg handa di ven, når det kveldar, 
det blir mørkt og me treng ei hand.

- Sondre Bratland -