fredag 26. april 2013

Sjokk, sorg og lengsel

Det er tungt, men fint å vera med på å skapa eit verdig farvel i gravferder.  Erfaringsmessig er musikken viktig i slike tunge stunder.  Det var sterkt å høyra at dei sørgande (som eg ikkje kjenner) fann trøyst i mine songar, og at dei ville eg skulle framføra desse under seremonien.  Eg er audmjukt takksam for at mine tekstar og min musikk har vore med på å gjera ein forskjell for nokon.
Alle gode tankar til dei som er igjen, og fred over minnet til John Thuen. 

onsdag 10. april 2013

Ønskelåter

Kjekt med mange oppdrag!  Endå kjekkare at fleire tek kontakt på bakgrunn av EP, og har ofte ønskje om særlege songar til ulike arrangement.  Det kjennest godt at musikken min kan bety noko for nokon!

No er det øving til bryllaup laurdag, der eg nølande har gått med på å sørga for all musikken under seremonien.  Eg ser fram til ei minnerik kveld ilag med gode vener!

tirsdag 19. februar 2013

Ei gledeleg overrasking!

Eg kan ikkje skryta på meg Os-dialekt, men eg nyttar alltid nynorsk i songtekstane mine.  Dette hadde Os Mållag høyrt om, og dei booka meg inn til musikalske innslag under årsmøtet.  Eg takka ja til ein kveld med kjekke folk, spennande diskusjonar og god mat på Engeline:) Her kan du lesa meir om og melda deg inn i Noregs Mållag 

Det blei absolutt ein fin kveld, og på toppen av det heile gjekk eg heim med eit varmande og svært overraskande nynorskstipend i lomma! 

fredag 18. januar 2013

Vi er igang!

Vel heime etter herleg inspirerande øving med den flotte gjengen min!!!  Tida flyg i godt selskap...  To nye låtar er lufta i bandet og klare til å ferdigstillast.  Gler meg til å få fleire nye låtar inn på repertoaret :)


Sjekk ut min nye kamerat, ein nydeleg Kala tenor-ukulele!  Lekker julegåve frå snillaste storebror og forloveden.  Dette instrumentet må det nok bli ein glad-låt av:) 

onsdag 2. januar 2013

Nokre glimt frå 2012

Tusen takk til alle som følgde meg i 2012!!!  Eit lite tilbakeblikk på året:

 
I mars hadde eg konsert i Oseana, med utelukkande eige låtmateriale.  Utsikt mot Bjørnefjorden i skumringstimen sette god stemning.  Storsalen i Oseana stod for tur i april, då vi spelte på prisutdelingsgalla under filmfestivalen.  Det same gjorde m.a. William Hut, ORBO og Shaun Bartlett, og det blei ein minnerik kveld i godt selskap:)

I juni spelte nokre av oss på åpning av osøren blues og jazzfestival, og fekk med oss fleire av dei andre flotte konsertane under festivalen. Washamba var absolutt høgdepunkt, der trompetist Hallvard og bassist Arne frå bandet, ilag med resten av den høglytte gjengen i Washamba, nok ein gong tok publikum med storm!

Gjennom sommaren var det ei rekkje bryllaup og andre kjekke arrangement, og i løpet av ei veke i august la eg vokal på dei fleste songane til Henrik Lyssand-noteheftet MusikkHuset gav ut i haust.  All ære til Knut Vidar Garlid og Bergljot Lyssand Bjørø som ferdigstilte noteboka på eit blunk!  Vi skulle eigentleg ha mini-konsert i Oseana under jubileet i september, men då var vi opptekne med studioinnspeling hos tomtom på USF Verftet.  Det restulterte i EP-slepp 18. november kombinert med (førjuls-)konsert i Os kyrkje.  
Undervegs har eg hatt ymse songoppdrag her og der, i tillegg tilå vera musikalsk leiar på Luraneslåtten og hatt privatelevar i song, piano og gitar.  Eg starta opp MusikkGlede ilag med Stine Kobbeltvedt, og det blei ein flott og fullsett forestilling i storsalen Oseana november. Spennande med 100 barn på scenen med "ei vandring gjennom Egners univers", og det gjorde inntrykk på dei små å få ståande applaus frå 490 tilhøyrarar!  Musikken kostar eindel i form av mange kveldar på farten og mindre tid med familien, så det var ekstra kjekt å jobba fram eit prosjekt der Daniel kunne vera med, og vi fekk dela ei stor oppleving:)

Eg er takksam for eit herleg travelt og musikalsk år som no ligg bak meg.  
Eg gler meg til vegen vidare! Følgjer du meg i 2013?   GODT NYTTÅR!!!!



onsdag 19. desember 2012

...snart jul...

I fjor framførte eg julesongen eg har laga ("berre eit barn") for første gong, då eg spelte i Foldnes kyrkje ilag med Aasmund Brekke.  I år var songen med på settlista under release-konsert for EP "passing me by" 18.11.   Her kjem eit tekstutdrag, med ønskje om ei riktig GOD JUL til dykk alle!!!


Ei eiga stjerne er tend for deg
berre i natt vil ho visa seg
leia hyrdingar og vise menn på veg
Hos syner leia der ein må gå
og alle dei som veit, kan sjå 
at du er her, kongen dei har venta på

Mange legg ut på vandring no
reisa til deg, vil finna ro 
hos underet som ingen heilt forsto
inn i stallen, har gåver med
myrra og gull og røykjelse
men største gåva gjev du med din fred

             Berre eit barn, men alikavel så stor
             og eg veit du vil setja djupe spor
             du vil alltid gjerva så mykje meier enn du har
             men reiser nok fleire spørsål enn du gjev svar

(Annveig Myklebust Fjellstad 2011)







mandag 10. desember 2012

JuleJam

Fin-fin tradisjon!!!  Botnevik inviterer til herleg mat og godt selskap, og nokre av oss står for musikalske innslag. I fjor kom eg heim ein trompetist rikare og med to nye spelejobbar i bagasjen ;) 
Denne laurdagen var det eindel som trakk seg i siste liten grunna vèr og føre, men vi var ein fin gjeng likevel. Ein herleg musikalsk kveld!  No er det berre å gle seg til påskejammen :)   GOD FØRJULSTID!