fredag 20. juli 2012
søndag 1. juli 2012
Galleri Oz
Torsdag kveld var det åpning av kunstutstilling / Osøren Jazz og Bluesfestival. Eg, Knut Vidar Garlid og Ken Williams stod for musikalske innslag. Vi laga nye arrangement på nokre av låtane mine, - denne gongen med kreative løysingar for trio. Ken var kveldens midtpunkt med trommesettet "kombilåda" frå Europris:) Fotograf er Henrik Johanessen.
Fredag var det herleg stemning på WASHAMBA sin konsert og eg er stolt over musikarane "mine" Arne Hernes og Hallvard Lyssand. Heldige meg som får jobba med 5 så dyktige, kreative og sprudlande karar! Eg gler meg til studio-tid og komande konsertar med denne gjengen!
onsdag 27. juni 2012
Osøren Blues & Jazzfestival
Denne helga kan du oppleva mykje flott musikk her i Os! Etter mi meining vert høgdepunktet Washamba i Oseanasalen fredag. Heile programmet for festivalen finn du her.
Sjølv skal eg spela med trommis og bassist torsdag kl 19 i Galleri Oz. Då er det opning av Geir Nymark si utstilling. Det blir kjekt å testa ut nokre eigne låtar og covers med denne besetninga, og etter ei knallkjekk øving kjenner eg at dette kan eg berre gle meg til!!! Velkommen!
Sjølv skal eg spela med trommis og bassist torsdag kl 19 i Galleri Oz. Då er det opning av Geir Nymark si utstilling. Det blir kjekt å testa ut nokre eigne låtar og covers med denne besetninga, og etter ei knallkjekk øving kjenner eg at dette kan eg berre gle meg til!!! Velkommen!
onsdag 16. mai 2012
TING PÅ GANG
Kolonialen på Paradis er forvandlet til et flott galleri! Jeg foreslår at du sjekker det ut i helgen :) Stein Bakke sin utstilling av foto og maleri åpner lørdag kl 18. Da kan du også oppleve en av tre i Norge som spiller på det unike instrumentet "hang", - nemlig Birgitte Bakke.
Søndager fremover skal det også holdes konserter mellom kl 14 og 18. Jeg er invitert til å holde åpningskonserten, og kan sammen med Stein Bakke ønske
Søndager fremover skal det også holdes konserter mellom kl 14 og 18. Jeg er invitert til å holde åpningskonserten, og kan sammen med Stein Bakke ønske
velkommen til intim matinee konsert søndag 20. mai kl 14.
Du finner mer informasjon på galleriets blogg eller hjemmeside.
lørdag 12. mai 2012
Lydopptak
Eg har tinga studio-tid til hausten og ser fram til å få nokre gjennomarbeidde innspelingar av songane mine! Enn så lenge nyttar eg det eg har av live-opptak av varierande kvalitet... Her kan du høyra eit par songar frå konserten i Oseana. Lyden vert aldri som den var i lokalet i augneblinken, men du får eit visst inntrykk.
mandag 30. april 2012
Filmfestival GALLA
Laurdag var det duka for eit storslege show til å runda av årets filmfestival, og FOR ein suksess! All ære til arrangørane, komiteen og alle dei frivillige... Dette vart ein minnerik kveld for mange, og ei flott avslutning på ei utruleg innhaldsrik festival-veke! Fantastisk å vera med på gallaen, - vi står veldig gjerne på scenen neste år og:)
søndag 22. april 2012
Musikk på timeplanen
No for tida er kvar einaste dag fyld med musikk. Herleg! Tra dagar i veka jobbar eg i musikkskulen, MusikkGlede på Søre Neset skule kvar tysdag, strykeinstrument for både meg og son min i tillegg til fleire oppdrag. Fredag var eg med Kyriakè og song for fulle benkerader i Johanneskyrkja. Flott å vera med på eit så stort arrangement!
No gler eg meg til laurdag og galla på filmfestivalen! Kjekt å få presentera musikken min til eit større publikum, og dela scene med m.a. William Hut, Shaun Bartlett, King Calling og ORBO. Sjekk ut http://60n.no/program/ for å velga kva for filmar du vil sjå denne veka. Dette bør du ikkje gå glipp av!
Abonner på:
Innlegg (Atom)



