fredag 26. april 2013

Sjokk, sorg og lengsel

Det er tungt, men fint å vera med på å skapa eit verdig farvel i gravferder.  Erfaringsmessig er musikken viktig i slike tunge stunder.  Det var sterkt å høyra at dei sørgande (som eg ikkje kjenner) fann trøyst i mine songar, og at dei ville eg skulle framføra desse under seremonien.  Eg er audmjukt takksam for at mine tekstar og min musikk har vore med på å gjera ein forskjell for nokon.
Alle gode tankar til dei som er igjen, og fred over minnet til John Thuen. 

onsdag 10. april 2013

Ønskelåter

Kjekt med mange oppdrag!  Endå kjekkare at fleire tek kontakt på bakgrunn av EP, og har ofte ønskje om særlege songar til ulike arrangement.  Det kjennest godt at musikken min kan bety noko for nokon!

No er det øving til bryllaup laurdag, der eg nølande har gått med på å sørga for all musikken under seremonien.  Eg ser fram til ei minnerik kveld ilag med gode vener!