tirsdag 29. oktober 2013

Velkommen til livet!

Denne helga har eg helst på mange søte små, nye i livet...  Laurdag song eg på Human Etisk Forbund sine to namnefester i Oseana.  Alltid herleg å syngja i storsalen med flygel og topp lydanlegg.  Vi feira 8 + 8 nydelege namneborn :)  Kjekt å få vera med på desse seremoniane år etter år, og denne gongen traff eg fleire familiar der eg song for eldre søskjen for nokre år sidan. Kjekt!  

Søndagen var det og song og musikk på programmet, med barnedåp i kyrkja.  Fire heilt forskjellige og flotte dåpskjolar!  Finaste Jakob, min nevø, bar kjolen som blei sydd til bestemor for over 50 år sidan.  Namna på alle som er døypte i den, over tre generasjonar, er brodert inn i stoffet.  Ein familieskatt!  Det blei ein utruleg flott dåpsfeiring, og alltid kjekt å få vera ilag med familien!
    
 
"Det er du som må finna vegen
Du må tråkka din eigen sti 
Du som må avgjera kva retning du skal gå
Du må erfara lyse dagar, og grå
men eg vil følgja deg med blikket så lenge eg kan sjå deg
Eg vil følgja deg med blikket så lenge eg kan sjå"
 
- Annveig -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar