fredag 30. desember 2011

Støttekonsert

For andre år på rad, arrangerte Hallgeir Bjørnevik og Ingvild Hetlevik romjulskonsert til inntekt for rus-miljøet i Os.  Det var fint å kunna bidra i dugnadsarbeidet denne kvelden!  Musikarar frå bygda gjekk saman om å laga ein variert konsert kring tema nestekjærleik og medkjensle.  Av dei meir kjende artistane var m.a. ORBO & the longshots, Gina Aspenes og Leif Østrem.  Frida Bjørnevik (12 år) imponerte stort med si vakre framføring av "Himmel på jord"!  
Sjølv fekk eg spela både "korleis veit du" og den heilt nye "time to decide", som eg skreiv for berre nokre veker sidan.  Den songen vart nemleg til då eg blei bedt om å vera med på støttekonserten.

Midtsiden publiserte opptak av "Skyfri himmel"


Knut Vidar Garlid, Olav Skorpen, Leif Østrem, Ken Williams, Trond Pedersen, Annveig M. Fjellstad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar