tirsdag 13. desember 2011

Julestemning

Det har vore mange oppdrag i det siste.  Herleg travelt og veldig kjekt! Laurdag var eg med på jule-jam, og det vart ein fantastisk kveld...  Alvorada og Aasmund Brekke presenterte songar frå den ferske plata   XYZ (itunes / salg)


Eg skulle "hoppa etter Wirkola" og tok eindel av mine eigne songar, m.a. eit par nye. Heldige meg som fekk Hallvard Lyssand med på trompet, sjølvom han ikkje hadde høyrt songane før.  Vakre tonar som gav musikken eit heilt nytt uttrykk...  Jammen har vi mange dyktige musikarar her i bygda!!!

I kveld er det julekonsert med Fonos, og eg gler meg til å kjenna på den gode julestemninga...  Bandet består av habile musikarar, m.a. Arne Hernes og Jostein Berge.  Vi har eit variert program, så eg trur nok alle som kjem får høyra noko dei likar:)  Konserten startar kl 20.  Velkommen!

Julekonsert vert det søndag og, då skal eg vera med på å synga jula inn i Foldnes kyrkje.  Det er lenge sidan eg har spelt med Aasmund Brekke, så dette gler eg meg til! Desember har vore ein svært musikask månad, både med eige framføringar og mange gode konsertar eg har gått på sjølv.  Eg kan framleis sjå fram til    TAUS & Karoline Krüger den 22.12. Kjem du?   GOD FØRSJULSTID!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar